Fortelling i ensemble og nokre tankar om samarbeid

Publisert 25. november, 2015. Av Øystein Vestre.

Å fortelje er, tradisjonelt sett, ei ganske einsam sak. Du står eine og åleine for det du produserer. Du er ditt eige vesle teater; du er teatersjefen som vel ut materiale og set opp speleplan, du er regissør som avgjer forma på produksjonen, du er dramaturg, utøvar, scenemeister, lønsavdeling, vaktmeister (om det er noko som skal flyttast eller fiksast) osb. Som forteljar er du altså van med å arbeide åleine. Det er både ein styrkje, men og ei utfordring. Ein ser seg lett blind på det ein gjer; ein stivnar i vanar og uvanar. Ein finn seg eit uttrykk ein er nøgd og komfortabel med, og lar det vere slik. Trygt er det i alle fall, så lenge det fungerer, men kjem ein vidare på denne måten? Utviklar ein seg som utøvar? Det vil vel dei fleste svare nei på. Vanar og uvanar bør utfordrast og brytast, men det er lettare sagt enn gjort, når ein står der framfor spegelen og skal ta tak. Skal ein verte kvitt desse vanane og uvanane, må dei prøvast i samarbeid med andre. For det er i møtet med andre vi verkeleg speglar oss sjølve og blir merksame på sider vi ikkje var klare over.

Eg har teke med meg vanane og uvanane mine inn i eit samarbeid med Sara Birgitte og Kristine; i snart seks år har vi helde på. Du, kor mange uvanar eg ikkje visste at eg hadde. Mykje av det som eg trudde berre var «naturleg» for meg, viste seg å vere fakter og rørsler som umedvite hadde «festa» seg og blitt ein del av uttrykket, og det heilt utan at eg eigentleg hadde nokon intensjon om å framstå slik. Gjennom desse åra har vi utfordra kvarandre i høve til desse vanane våre og det har vist seg å vere litt av eit arbeid, det har vore ein kronglut, men spanande veg å gå.

Endå større vert utfordringa når du i samarbeid med dei to andre skal produsere noko der de alle tre skal vere på scena samstundes. Då tenkjer eg ikkje på framsyningar av typen der ein står og fortel medan dei to andre sit eller står ved sida av og ser ut som om dei lyttar til forteljinga for første gong og er engasjerte. Nei, i denne samanhengen er det snakk om å faktisk dele scenerommet, fortelje den same historia, i eit heilskapeleg uttrykk, som går i ei retning og ikkje sprikar i tre ulike retningar.

Her er det mange omsyn som må takast. Eitt aspekt er rommet. Korleis forheld vi oss til rommet? Kor er dei andre, og kor står eg? Kva rom oppstår i rommet når vi er i rørsle? Kva skjer når ein ikkje forheld seg til dei andre når vedkommande er i rørsle? Korleis påverkar rørslene dine dei andre, og korleis ser det totale scenebiletet ut då? Osb.

Eitt anna aspekt er sjølve forteljinga. Kva vektlegg vi? Korleis vektlegg vi? Kva er viktig for gruppa, ikkje berre den enkelte? Kva sider av forteljinga skal vi vektleggje? Og – korleis skal vi fortelje, fordele stoff? Kven skal fortelje dei ulike delane av historia?

Eit tredje aspekt er sjølve interaksjonen oss imellom. Korleis avløyser vi kvarandre og korleis tar og gjev vi fokus? Skal vi kore kvarandre, leggje lydar oppå det dei andre fortel? Skal vi rytmisere, musisere? I tilfelle – korleis skal vi gjere det for at det skal svinge og ikkje bli «kleint»? Her har eg gjort ei lita oppdaging – eg, som er ein talsmann for dialekt og (ny)norsk, må i denne samanhengen føye meg inn i dei andre sitt talemodus. Det er to austlendingar mot ein vestlending – det seier seg sjølv – difor må eg, når vi gjer talekor e.l, legge opp til ein austlandsmelodi i talen for at det ikkje skal skjere heilt ut. det kjennest rart, det er ikkje «naturleg» for meg, men er i denne samanhengen naudsynt.

Gjennom ensemblearbeid, blir ein som sagt, ytterlegare utfordra i høve til fastlåste mønster hjå seg sjølv. Vanane og uvanane blir endå meir synlege, og må faktisk overvinnast for at uttrykket skal bli best mogeleg. Eit hyggjeleg biprodukt av eit slikt arbeid, vil vonleg vere at ein ser nye sider ved eige uttrykk som det er mogleg å vidareutvikle.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Tidligere innlegg: