Fugl Dam

Publisert 20. august, 2014. Av Øystein Vestre.

Då er vi i gang med norske folkeeventyr. Etter mykje om og men på kammerset, landa eg på Fugl Dam – AT-nummer 301 – tenk det.

Den største utfordringa mi i byrjinga, var å velje eventyr. Slik er det støtt. Set først i gang med eitt eventyr, hoppar så over på eit anna, for så å lande på nummer tre. Kvifor kunne eg ikkje ha landa på nummer tre med ein gong? Hadde spart mykje tid og møye på det.

Ja ja. Fugl Dam er spennande og  litt «asymmetrisk» når det gjeld sjangertrekka for eit undereventyr av dette slaget. Helten skal ikkje gjennom tre  prøvar som nesten er like, og skal heller ikkje kappe hovuda av tre troll. Det er berre eitt som skal halshoggast her, men det har, for ordens skuld, tolv hovud. Det går greitt og utan smerte, i alle fall for han som høgg. Han frir ut dei tolv bergtekne prinsessene og tek dei med ombord i skipet sitt. Ombord er Ridder Rød styrmann og kaptein og han vil sjølvsagt ta æra for å ha berga prinsessene sjølv. Det blir mykje att og fram, magiske fuglar og båtar og avliving av Ridder Rød, før kongssonen til slutt får gifte seg med den yngste av prinsessene.

For liksom å få system i forteljinga har vi brukt både Algirdas Julien Greimas sin aktantmodell – måtte ha med fornavnet hans – synest det er så flott. I tillegg har vi putta episodane inn i fuksjonssystemet til Vladimir Propp. Det er ikkje alltid like lett å få kart og terreng til å stemme ihop her, men med litt godvilje går det.

No hadde eg tenkt å gå litt meir inn på dramaturgien i eventyret og har utstyrt meg med ord og omgrep som «lumumma» og «takete» , som dramaturgen Ola Olsson har tillempa etter gestaltpsykologen Wolfgang Köhler sine teoriar. Det kan bli spanande, og finn eg ut noko glupt her, skal eg jammen dele det seinare.

IMG_1100

 

Då eg skulle ordne på kjøkkenet – fann eg jammen eventyret mitt i  oppvasken.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 

Tidligere innlegg: